Inviterer til energivirkeseminar
- Vi registrerer ei aukande interesse for bruken av skogen som energivirke, men framleis er aktørane i Sogn og Fjordane å rekne som nybyrjarar i bransjen, seier prosjektleiar Arnt Laukeland i Bioenergiprosjektet. Han er difor glad for seminaret som Innovasjon Norge, Energigården AS og Skog og Landbskap inviterer til i Stryn den 7. september.
I dette seminaret kan du få informasjon om kva moglegheiter som ligg i tilskotsordningane for utbygging av fjernvarme og for uttak av virke til energiproduksjon. Du kan også få kunnskap om korleis ein produserer flis med rett kvalitet.
Heile programmet kan du lese her
Påmeldingsfrist: 28.08.2012. Deltageravgift: kr. 975,-
Påmelding: Energigården AS – Senter for bioenergi, tlf. 61 33 60 90 eller
post@energigarden.no
Illustrasjonsfoto: Uttak av energivirke i Fjærland i 2011