Inviterer politikarane på landbruksvandringar i Sogn
- Det er svært viktig for oss å verte betre kjende med politikarane som stiller til val til hausten, seier fylkesleiar Anders Felde. Difor har vi saman med Hordaland Bondelag invitert dei med på turar i Indre Sogn i august.
Vi går ein spanande haust i møte då vi skal velje representantar til det første fylkestinget i Vestland. Vi i landbruksnæringa ynskjer å verte betre kjende med dei som stiller som kandidatar til det nye fylkestinget. - Politikarar frå noverande Sogn og Fjordane fylke kjenner vi i Sogn og Fjordane rimeleg godt til, medan vi ikkje har same kjennskapen til politikarane som kjem frå noverande Hordaland fylke, held Felde fram.
Innbydinga går til dei som har dei 5 øvste plassane på lista ved årets val. Vi ynskjer å fokusere på ulike moglegheiter og utfordringar innan landbruket i regionen. Vi har særskild fokus på spørsmål der dei regionale politikarane og deira administrasjon har eit ansvar. Temadagane er lagt til Indre Sogn, slik at det skal vere mogleg å nå fram frå store deler av den nye regionen. Tema for fagdagane er slik:
Måndag 5. august: Hagevandring i Lærdal
Laurdag 17. august: Tilsyn med beitedyra i fjellet mellom Årdal og Lærdal
Måndag 19. august: Kulturminnevandring i aktivt jordbrukslandskap i Vik i Sogn
- Vi gledar oss verkeleg til å møte nye politikarar og ha ein open dialog med dei om landbruk og utviklinga av landbruksnæringa i det som er ein viktig region for produksjon av mat i Norge, avsluttar ein spent fylkesleiar Anders Felde
Om sesongen treff, kan politikarane få smake på kjøtfulle morellar på fagdagen i Lærdal :)