Innstiller på attval av Per Hilleren
Valnemnda gjev fylkesleiar Per Hilleren fornya tillit som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag framfor fylkesårsmøtet den 7. og 8. mars.
Kari Sigrun Lysne frå Lærdal vert innstilt som ny styremedlem medan Geir Ole Ervik frå Stadtlandet får tillit frå valnemnda som 1. vara. Ny på 2. varaplass er Linda Kristin Oppedal frå Viksdalen og på 3. vara Ole-Ivar Åm Sognnes frå Hyllestad. Lidvin Olav held fram som styremedlem saman med Nils Magne Gjengedal og Marit Flatjord. Dei to siste er ikkje på val dette året.