Informasjonsmøte om pelsdyrnæringa
Torsdag den 5. desember klokka 19:00 inviterer Norges Pelsdyralslag til informasjonsmøte om pelsdyrnæringa på Mo og Jølster Vidaregåande skule på Mo.
Norges Pelsdyralslag ynskjer interesserte velkomen til ei spennande og triveleg næring og arrangerer i det høvet informasjonsmøte på tretten ulike stadar i landet. Næringa tilbyr fadderordning for nye produsentar, samt gunstig finansiering og ulike forskotsordningar. Økonomien er for tida mykje god.
Program for informasjonskvelden på Mo:
- 19.00 Pelsproduksjon
- 19.30 Dyrevelferd
- 19.45 Driftsplanlegging og økonomi
- 20.15 Pause
- 20.45 Fôrkjøkkenet orienterer
- 21.00 Pelsmarkedet
- 21.30 Oppsummering
Påmelding til post@norpels.no eller ring Norges Pelsdyralslag på tlf: 47 80 72 00 før 30. november 2013.