Gode spørsmål frå ein aktiv gjeng
Under spørjetimen på leiarmøte fekk panelet bryne seg på mange, gode spørsmål frå dei frammøtte.
PANELET: Frå venstre sit Peder Nernæs (leiar i Hordaland Bondelag), Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) og Frøydis Haugen (2.nestleiar i Norges Bondelag).
Ingrid Haveland fok ordet og stilte spørsmål om høner i miljøinnredning.
Rolf Olav Gjørven frå Oppstryn Bondelag tok mellom anna opp at laget har mange medlemmer med båsfjøs, lausdriftskravet som nærmar seg og utfordringar kring dette.
Nils Magne Gjengedal (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag) snakka om kor viktig det er å bruke makta me har som forbrukarar, han lufta også ideen om å få folk til å blogge om landbruket.
Bjørn Aardal (leiar i Kjølsdalen Bondelag) nytta også høve til å stille spørsmål.
Kari Sigrun Lysne (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag) snakka om utfordringar med avstand til marknaden og kor viktig det er at me er best for å kunne lukkast. Ho tok også til ordet for at me må ete mat som blir produsert i Norge.
Panelet oppsummerer debatten, og svarte ut dei siste spørsmåla.