Gjengedølene inviterer til vegfest
- Stølsvegen har betydd utruleg mykje for oss som bur fast i Gjengedalen og for tilreisande så det skulle berre mangle om vi ikkje inviterer til fest og feirar at det er 25 år sidan vi fekk bilveg til støyls, seier Nils Magne Gjengedal, som også er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.
Møt opp på paneldebatt på Gjengedalsstøylen laurdag 29. august! Høyr kva dei lokale listetoppane i Gloppen meinar om korleis bruk og vern kan gå hand i hand i eit landskapsvernområde. Med særleg fokus på beite og rovdyr samt hytte/friluftsliv og næringsdrift.
PROGRAM
13.00 – 18.00 vert det ulike aktivitetar i regi av Turlaget; tur, padling m.m. https://midtrenordfjord.turistforeningen.no
14.00 – 14.20 Kulturelle innslag frå lokale krefter i bygdene.
14.20 – 14.30 Kva betyr vegen for bruk av området?
15.00 -16.00 Støylen før og no – ei reise på Gjengedalsstøylen der vi får høyre om støylsdrift i ulike periodar heilt fram til vår tid. Ver med og sjå laging av smør, smaking av smør og saup. Kjøp deg ein rømaske og sjå ekte budeier.
16.00 – 17.00 Paneldebatt. Ordstyrar vert Eldgrim Fossheim, kjend reportar og programleiar frå NRK Sogn og Fjordane.
Fylkesmann Anne Karin Hamre kjem, kjem du?