Gamle elektriske anlegg kan vera ein brannrisiko
Elektriske anlegg i landbruksbygg har tøffe påkjenningar. Etter nokre år kan det vera behov for å rehabilitere heile anlegget. Eit nytt el-anlegg kan redusere både brannfaren og straumregninga.
- Brannar i landbruket kostar kvart år over 500 millionar kroner, og har store konsekvensar for bøndene som blir råka. Spesielt utsett er husdyrbygg, seier Pål-Arne Oulie, styreleiar i Landbrukets brannvernkomité.
Tiltak
Bonden sitt jemnlege ettersyn, kombinert med el-kontroll med sertifisert kontrollør kvart tredje år, er effektive tiltak for å redusere risikoen for at brann oppstår, fortel Oulie.
I eit husdyrrom blir elektrisk anlegg og utstyr utsett for fukt, fysiske påkjenningar og gassar. I tillegg kan utviklinga over tid gjere el-anlegget underdimensjonert og ein kan kome til eit punkt der ein bør vurdere ei total rehabilitering.
Typiske teikn på at eit anlegg er modent for rehabilitering er:
- Mange ”permanente” skøyteleidningar.
- Mellombels monterte omnar og lampar.
- Sikringane bryt straumen ofte.
- Berre skrusikringar.
- Jordfeil på anlegget.
- Ineffektive varmekjelder og lyskjelder.
Meir info finn du på Landbrukets brannvernkomités nettsider: www.lbk.no.
Her finn du praktiske råd: http://www.lbk.no/Praktiske-rad