Fylkespolitikarane vil styrke økonomien på gjennomsnittsbruket
- Det er gledeleg at fylkesutvalet i Sogn og Fjordane er så tydelege på prioriteringane før jordbruksoppgjeret 2018, seier ein nøgd fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.
Fylkesutvalet handsama i møte den 22. november innspel til årets jordbruksoppgjer. Vedtaket frå fylkesutvalet vart sendt til Landbruks- og Matdepartementet den 8. desember. - Det er gledeleg at fylkesutvalet syner stor forståing for trongen for gode verkemiddel som kan sikre fornying av driftsapparatet, på dei mindre og mellomstore bruka i fylket, held Felde fram. Desse bruka har sakka akterut økonomisk og treng eit løft. Dei er også svært viktige for at vi skal kunne klare å stoppe nedgongen i dyrka areal i fylket. - Klarar vi ikkje å få til ei fornying av driftsapparatet på desse mellomstore bruka vil vi ikkje kunne klare å oppretthalde og aller helst auke verdiskapinga frå jordbruket i fylket. - Det er difor gledeleg at politikarane her i fylket har forstått dette, så står det att å sjå kva regjeringa og deira støttespelarar seier når det dreg mot nye forhandlingar til våren, avsluttar Felde.