Eit lag med mykje aktivitet
Onsdag 18. oktober hadde Naustdal Bondelag årsmøte.
FRÅ VENSTRE: Joakim Aase, Anni Aase, Odd Vonen, Atle Kringlen, Vidar Heggheim, Arild Herstad og Olav Birkeland.
Naustdal Bondelag er eit lag med mykje aktivitet. I år hadde dei studiesirkel kring Jordbruksforhandlingane, dei stilte opp på lokale arrangement og dei hadde god aktivitet under aksjonane i vår. Vidare er dei særs gode på å verve, og i 2016 vart dei kåra til årets lokallag i Sogn og Fjordane.
Laget har skrive ei fylldig årsmelding, og har god økonomi. Dei har også ei aktiv Facebookside for dei som er medlem i laget.
På møte vart det mellom anna diskusjon kring følgjande saker:
- Kommunesamanslåing.
- Overskotet på lammekjøtt.
- Medlemmene ynskjer fagdag.
- Fokus på hjorteutfordringar og kvoteprisar.
Nytt styre:
Leiar: Arild Herstad
Nestleiar: Atle Kringlen
Kasserar: Olav Birkeland
Sekretær: Anni Aase
Styremedlem: Joakim Aase (ny i styret)
Styremedlem: Vidar Heggheim
1.vara: Odd Vonen
2.vara: Aud Slettehaug