Ein ekte Bondeven
Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, har fått det "svart på kvitt" at han er ekte Bondeven. Og når fem lokallagsleiarar og ein minister har signert diplomet, kan han med god grunn smykka seg med tittelen.
Ordførar Ivar Kvalen i Luster inviterte Landbruks -og matminister Trygve Slagsvold Vedum til ein fag- og inspirasjonsdag i kommunen. -Me meiner det er flott at ordføraren vår syner initiativ til "Bondens dag" og lukkast med å få ministeren hit, seier leiar i Hafslo Bondelag, Claus Rumohr Moe. Saman med leiarane av dei andre lokale bondelaga i Luster, kvitterer han på at ordføraren ser bøndene og tek dei og næringa på alvor. -Kvalen er ein ekte bondeven, meiner Moe. Og ettersom ministeren var på vitjing fekk han oppgåva med å overrekke diplom og Bondeven T-skjorte.