- Eg har alltid hatt ei interesse for landbruk
Møt Rolf-Daniel Midtun, ein engasjert og drivande dyktig ung bonde frå Eivindvik.
STOLT BONDE: Rolf-Daniel Midtun.
- Eg har alltid hatt ei interesse for landbruk, seier Rolf-Daniel Midtun.
32-åringen frå Eivindvik fortel at bonde-yrket er gjevande, interessant og utfordrande.
- Ein må jobbe på lag med naturen. Det er veldig mange variablar ein må ta omsyn til i det daglege. Ein må ta utfordringane som dei kjem, og tilpasse seg så best ein kan.
Innleiar på samling for unge bønder
FØREDRAG: Midtun snakka om gardsdrifta si, og ulike val han har teke oppgjennom.
- Det å halde føredrag på Skei til unge bønder var ei grei oppleving, seier Midtun.
Under samlinga fekk dei 50 frammøtte høyre om garden hans, og val han har teke angåande gardsdrifta.
- Eg fekk snakke til andre med same interesse som meg sjølv, og tenkjer det kan ha vore greit for dei å høyre korleis andre i deira situasjon har valt å gjere ting.
Engasjert kar
MYKJE Å GJERE: Rolf-Daniel Midtun.
- Eg har i fleire år hatt ulike verv i TINE, Senterpartiet, Bondelaget og hjortevaldet.
Korleis får du tid til alt?
- Ein må disponere tida si godt. Eg tek på meg ulike verv fordi det er interessant, i tillegg har eg mine tankar om korleis eg sjølv meiner ting burde vore gjort. Difor er ulike verv ein god arena for å kunne påverke.