- Eg har aldri sett så mange på Matamål før
Matfestivalen Matamål på Sandane sette truleg besøksrekord i helga.
- Dette var veldig moro, seier Sigmund Vereide.
Han er leiar for festivalen og verkeleg nøgd med helga.
- Me tek ikkje billettar til torgdagen, så det er vanskeleg å seie om det vart publikumsrekord, men eg trur ikkje eg har sett så mange på Matamål før.
Gode tilbakemeldingar
- I år var det cirka 50 stands, frå Molde i nord til Voss i sør.
Festivalen har fokus på mellom anna mattradisjonar og kortreist mat. Vereide fortel at han alt har fått mange tilbakemeldingar.
- Eg har fått gode tilbakemeldingar og det er motiverande.