Debutant på Dyrsku`n
Nils Magne Gjengedal tok turen til Dyrsku`n i helga – Sjå video.
- Det er inspirerande å vera her, seier Nils Magne Gjengedal.
Han sit i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag og er på Dyrsku`n for aller fyrste gong.
- Noko av det kjekkaste eg har gjort denne helga, var kumønstringa, fortel han.
Inspirert
- Det er fint å kome i lag med mykje folk å sjå på alle utstillingane og dyra. Det gjer meir inspirasjon til å drive med det ein driv med, forklarar Gjengedal.
Til vanleg driv han ein vestlandsgard med mellom anna kyr.
Har sett nokon frå Sogn og Fjordane
Gjengedal kom til Dyrsku`n med kona og eit vennepar. Sjølv om det er mykje folk, har han ikkje funne mange frå Sogn og Fjordane.
- Det er nokre frå fylket her, men Sogn og Fjordane er ikkje sterkast representert. Eg trur folk frå lokalområdet og i austlandsområdet har meir tradisjon for å reise til Dyrsku`n.
Kjem attende
- Dette er eit fantastisk arrangement. Det hadde vore moro å dra i gang noko liknande i Sogn og Fjordane. Eg trur det er viktig å lage arrangement som mellom anna får ungdommen med seg. I går såg eg mange unge på kalvemønstringa, seier han.
Ifylgje Gjengedal har han fått både faglege og sosiale behov dekka denne helga. Han tykkjer det er viktig å finne seg ein arena der ein kan prate fag og samtidig vera sosial.
Kjem du attende til Dyrsku`n?
- Ja. Kanskje neste år, eller året etter det.
Sjå video med Gjengedal her:
https://www.youtube.com/watch?v=tdG6qGOD0Cs&feature=youtu.be