Benytt deg av stormfellingskursa
Når stormskadd skog skal takast ut, kan det ofte skje svært alvorlege ulukker, i verste fall med dødeleg utgang. Vindfallhogst er eit svært farleg og krevjande arbeid, og bør berre utførast av folk med erfaring og spesiell opplæring i slikt arbeid, seier fylkesleiar i Bondelaget Per Hilleren
Med bakgrunn i at opprydding av stormfelt skog er ekstremt farle arrangerar Fylkesmannen og Sogn og Fjordane Skogeigarlag fagdagar og kurs med fokus tryggleik ved hogst av stormfelt skog. Kursa vert skipa til slik:
Torsdag 12. januar, Loen v/Lofossen sørside kl 10.00
Torsdag 12. januar, Mo og Jølster vgs v/hallen kl 10.00
Fredag 13. januar, Luster v/kommunehuset kl 10.00
Laurdag 14. januar, Eid v/Hundeide ungdomshus kl 10.00
Måndag 16. januar, Leikanger v/Skyttarhuset kl 10.00
Tysdag 17. januar, Jølster v/Borgja, Ålhus kl 10.00
Tysdag 17. januar, Bremanger v/Davik skule kl 10.00
Torsdag 19. januar, Kaupanger v/Hovland gard/Mange Selseng kl 10.00
Laurdag 21. januar, Hyen hjå Erik Hope kl 10.00
Tysdag 24. januar, Naustdal hjå Linda Norid Smådal, oppmøte Øvre Kalland kl 10.00
Kursa er gratis.
- Vi i fylkesbondelaget vil råde deg til å gjennomføre eit slikt kurs før du set igang med å rydde opp i stormfallen skog, avsluttar fylkesleiaren.