Asle Magne tek eit nytt år
- Ja, eg har no vore leiar nokon år, men med svært gode medhjelparar i styret så går jo dette som ein leik, seier ein humoristisk leiar Asle Magne Ellingsund i Eikefjord Bondelag
- Eikefjord Bondelag har ein jamn aktivitet utan dei store sprella, men når vi skal oppsummere ved årsmøtet syner det seg no at vi har gjort litt seier Ellingsund. Vi har hatt studiering i samband med jordbruksforhandlingane, organisert plastinnsamling, deletek på Eikefjorddagane og hatt fjøsmøte og sommarfest saman med dei to andre lokallaga i Flora.
Godt humør på årsmøtet i Eikefjorden Bondelag
Framover vil vi jobbe vidare for å kunne samle inn landbruksplasten, kurs etter interesse, samankomst med juletallerken, deltaking på Eikefjorddagane og og Open Gard på Listene siste helga i august 2019
Da går fint å vere leiar når du vert boren på gullstol av resten av styret :) . F.v. Bodil Øren, Beate Steindal, Asle Magne Ellingsund, Stig Rune Svorstøl, Frode Steinhovden og Stein Ove Svardal.