Årsmøte i lokallaga
Her kan du sjå glimt frå årsmøte i lokallaga.
Voss Bondelag hadde årsmøte 30. oktober. Dei hadde gode innlegg frå Destinasjon Voss, Bondens Marked og Biogassprosjektet på Voss. Heile styret tok attval.
Stord Bondelag hadde årsmøte 31. oktober. Bodhild Fjelltveit frå Hordaland Bondelag informerte om viktige saker i Bondelaget. Tore Atle Sørheim, leiar i Stord Sau og Geit var også invitert som gjest. Innslaget frå Mattilsynet måtte diverre gå ut grunna sjukdom.
Torunn Eikeland ga seg som leiar, men styret har ikkje valt ny leiar enno.
Etne Bondelag hadde årsmøte 31. oktober. Det var eit godt møte med gode innlegg frå Leif Grindheim, Lena Bakke Handeland frå Hordaland Bygdeungdomslag og Kjetil Mehl frå Hordaland Bondelag.
Etter fire år i styret, sendte leiar Torbjørn Grønstad stafettpinnen vidare til Roar Gundegjerde.