Årsmøte i Kjølsdalen Bondelag
Tysdag 25. oktober hadde Kjølsdalen Bondelag årsmøte.
Kjølsdalen Bondelag er eit aktivt lag, som bidreg i lokalsamfunnet. Dei har mellom anna kjøpt ny hestehengar til utleige, arrangert studiering, motorsagkurs, kurs i varme arbeid og bidrege med dyr på 4H arrangement.
På årsmøtet vart det diskusjon kring lammeoverskotet, plastcontainer og gjerdehald mot utmark.
Kjell Arne Heggheim tok attval, og held fram som leiar for laget.