Årsmøte i Fjaler og Hyllestad Bondelag
1. november hadde Fjaler og Hyllestad Bondelag årsmøte.
Årsmeldinga syner eit godt og variert engasjement. Laget har mellom anna arrangert frukost med ordførarane i Fjaler og Hyllestad, planlagt gardsbesøk med stortingsrepresentant Pål Farstad (V) og vore delarrangør for Open Fjøs hjå Magne Norddal.
På møtet vart ulike tema drøfta:
-korleis klare å engasjere/involvere fleire i nærområdet til lag og oranisasjonar i næringa? Trenden er tydeleg, mange av dei same ansikta går att i fleire organisasjonar og snittalderen er relativt høg.
- Landbruksplast: kort tid frå varsling av konkret dato, til plasten vert henta. Det er utfordrande å levere i tide. Dei siste åra har det også vore tilfeller av feilsortering.
- Hjort! Krevande å drive grovfôrproduksjon med ein hjortebestand som veit kor graset er grønast, og rundballane ligg lagra.