Arne Einar Reed tek eit nytt år som leiar i Norsvin Sogn og Fjordane
- Vi er ikkje så mange svineprodusentar i fylket, men vi er viktige og sikrar mellom anna jamn tilførsel til slakteria , seier Reed som tok attval for eit nytt år på årsmøtet til Norsvin Sogn og Fjordane tidlegare i februar.
Dei som deltok på årsmøtet i Norsvin Sogn og Fjordane ser tydeleg at overproduksjonen i svinenæringa gjev ein dårleg økonomi for dei som produserer. Mål nummer ein vil vere å få marknaden i balanse, og difor vil det ikkje vere rom for å auke målprisen dette året, vart det sagt i årsmøtet som vart skipa til i Førde tidlegare i februar.
På årsmøte middagen vart Frode Fjellestad gjort stas på med diplom og blomar etter å ha flest avvente grisungar pr.purke. Den same utmerkinga fekk Fjellestad i 2018 så her snakkar vi om ein svært dyktige svineprosusent.
Bilete frå v: Johannes Nedrebø, Per Inge Midtbø, Oddvar Aase, Øyfrid Strand og leiar Arne Einar Reed. Frode Fjellestad er nestleiar i styret. Han kom ikkje med på biletet :)