10 000 kroner til bønder i Malawi
Takk til alle som kjøpte lodd på årsmøtet. Pengane går til opplæring av driftige og engasjerte bønder for at dei skal verte betre rusta mot ekstremver og avvlingssvikt.
Bondelaget deltar i solidaritetsprosjektet "Bønder støtter bønder" gjennom Utviklingsfondet sitt arbeid i Malawi. Malawi ligg søraust i Afrika og er eit av dei fattigaste landa i verda. Midlane går til å utdanner modellbønder som lærer opp andre bønder i nærområdet. Bidraga går også til såkorn og husdyr.
Både Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag har hatt tradisjon for å samle inn pengar til prosjektet, og det er vanleg med basar på årsmøtet. Denne gongen vart det digitalt loddasal med Vipps. Premiane var stort sett gåvekort som vert sendt i posten til vinnarane.
Vi fekk inn 10 000 kroner som er sendt til Utviklingsfondet. Tusen takk til alle som kjøpte lodd og til dei som sponsa premiar: Brødskreppa, Fjelberg Landhandel, Anne Maries Blomster, Bondekompaniet, Felleskjøpet Agri, Bybonden i Bergen, Haugen Gardsmat, AK-maskin, Lerum, Gardsbrenneriet, Voss Gondol, Tine, Fjellestad Gardskjøkken, Intersport Sport Sandane, Påldtunet Frukt og Bær, Eik-senteret, Loen Skylift, Thon Hotel Førde, Fiskå Mølle, Nortura og Balholm.
Frøydis Haugen vitja Malawi i 2018, du kan lese om turen hennar her: Varmt møte mellom malawiske og norske bønder.
Sjå filmen Uår om den tørkeramma mjølkebonden Einar Kiserud som legg ut på reise til Malawi for å sjå korleis kollegaene der handterer klimaendringane.