Vestland får si eiga landbruksmesse!

Publisert 28.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Det er berre å begynne å glede seg, dette blir eit av dei største arrangementa i Sunnfjord, og finn stad allereie i september 2020!

Sunnfjord har ei lang og god historie for landbruksmesser og fesjå, der den første hesteutstillinga vart arrangert i Førde i 1864. Fleire andre plassar i Noreg blir det arrangert store landbruksmesser, og no er det på tide at Vestland tar sin plass på kartet! Landbruket i Sogn og Fjordane tek difor initiativ til ei stor, publikumsretta landbruksmesse for nye Vestland.

Bak landbruksmessa står kommunikasjon- og arrangementbyrået Rein Design med Tom Farsund og Svein Inge Bjørkedal som teknisk arrangør, og saman med bransjeaktørar og lokalt næringsliv jobbar dei for det som skal bli Vestland og heile Vestlandet si store landbruksmesse.

Landbruksmessa i Vestland skal vere ei brei publikumsretta messe som skal vere i stor hending alle ynskjer å delta på. Her vil det vere eit breitt utval av utstillarar, aktivitetar og attraksjonar som passar for alle. Samstundes skal messa òg ha funskjon som ei fagmesse for bøndene, der dei kan møte leverandørar, fagfolk, foredlarar, politikarar og kvarandre.

 - Grunnen til at vi har valt å legge messa til Sunnfjord er at dette blir den største landbrukskommunen i nye Vestland fylke, og Mo og Øyrane vgs. på Mo er ei naturleg ramme for arrangementet. Skulen har ei viktig rolle i rekruttering og kompetanseheving, og har vore eit naturleg samlingspunkt for landbruket sidan 1858. Her har vi tilhøyring, identitet, godt med plass og gode overnattingsmoglegheiter innanfor kort avstand. I tillegg blir det ei sentral beliggenheit for å tiltrekke folk frå Møre og Romsdal i tillegg til Vestland, seier Farsund.

Messa blir arrangert allereie september 2020, og målet er å oppnå eit besøkstal på 10 000 i løpet av 3 dagar. - Vi ynskjer å samle landbruket i heile Vestland og kjem til å bruke tida framover på å få med oss aktørar frå Hordaland. Kor flott er det ikkje å kunne byrje på kapitellet om Vestland med å samarbeide om å heidre landbruket vårt sitt positive bidrag til samfunnet, seier Farsund.

- Skal du på Styving i helga?

Namnet på messa er Styving - Landbruksmessa i Vestland. Omgrepet styving kjem frå småbruka på Vestlandet, der vinterfôret til sauer og geit vart supplert med greiner frå lauvtre, såkalla styvingstre. - Grunnen til at vi landa på namnet Styving er at symbolikken i eit styvingstre er utruleg fin. Her har vi den solide stammen som symbol for ei lang og stolt landbrukshistorie i Vestland, og dei ferske, nye skota symboliserar trua på framtida, framtidsbonden, alle dei ulike formene for landbruk samt alle ringverknadane landbruket har for teknologisk utvikling, foredlingsverksemder, transport, forsking og utvikling og mykje meir, seier Farsund engasjert. - I tillegg kling det fint; "skal du på Styving i helga?".

Maskinførarkurs 2020

Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Bli med på seniorkurs 18.mars!

Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.

Anders Felde

Vi kan ikkje ete oss ut av klimakrisa

- Vi har inngått ei avtale med regjeringa for å kutte i landbruket sine utslepp innan 2030. Vi har også låge utslepp allereie samanlikna med dei fleste land i verda, og vi arbeider kvar dag for eit endå lågare klimaavtrykk av norsk matproduksjon, men vi kan IKKJE ete oss ut av klimautfordringa seier Anders Felde i ein kommentar til dagens presentasjon av Klimakur 2030

Våre samarbeidspartnere