Kjenner du nokon som fortener Bedriftsutviklingsprisen 2017?
Fristen for å melde seg som kandidat, eller melde inn kandidatar er 20. august.
I fjor var det Ciderhuset i Balestrand som stakk av med prisen i Sogn og Fjordane, og representerte fylket vårt i den nasjonale finalen i Berlin. Frå venstre: Landbruksdirektør Christian Rekkedal hjå Fylkesmannen, Gard Eitungjerde Høyvik (tok imot prisen på vegne av Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde), Ann Elisabeth Tveit og Tor Holsen (begge Innovasjon Norge).
FOTO: Birte Finstad
Har du starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du vinne 300 000 kroner.
Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.
Dei søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
- Bærekraft, her under
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp.
- Innovasjon/nyskaping
Tips gjerne kandidatar du syns fortener prisen, eller meld på kandidatar her.