Åpen Gard på Ualand
Åpen gard vart arr. i lag med 4H, bygdekvinnelaget og bondelaget i Lund. I tillegg drog vi med oss speidergruppa i Lund og Lund sau og geit . Vertane på garden var Gunn Linda og Ståle Ueland. Dei er begge aktive på garden som har ein mjølke og saueproduksjon på 35 kyr og 120 vinterfora sau.
Av aktiviteter var det utstilling av dyr, hesteridning, utstilling av gamle traktorar, natursti, kanopadling og leiker for barn og vaksne.
Det vart seldt grillmat, drikke og gode nordlandslefser.
Rogaland Bondelag var representert v. Olav Sande. Lund Bygdekvinnelag hadde stand der dei presenterte seg.
Det kom i overkant av 500 besøkande og det var vi godt fornøgd med. Ein stor takk til vertane som har lagt ned mykje arbeid for å få til eit flott arr.