- Forsking på høgt nivå
Kan «Thorvald» ta over slåttearbeidet for bøndene? No er roboten på besøk i Fjaler.
MØT "THORVALD": Roboten slår graset, og kan på sikt ta over slåttearbeidet for bonden.
- Dette er veldig spennande, seier fylkesleiar Anders Felde.
Målet er at roboten skal bli heilautomatisk, og på sikt overta slåttearbeidet for bonden.
- Roboten er drifta på straum, og det er positivt for klima. I tillegg veg den mykje mindre enn ein traktor, og me kan difor slå graset oftare utan å øydelegge bakkane. I dag slår me 2-3 gonger, men med roboten kan me slå 5-7. Det kan bety større avlingar, og betre kvalitet.
I Fjaler det skjer
SPENNANDE PROSJEKT: Det meiner fylkesleiar Anders Felde (i midten på bilde).
- Tysdag 21.mai kom roboten til Furuneset i Fjaler. Her vil den vera i heile sommar.
Den tekniske delen av forskingsprosjektet vert leia frå NMBU (Norges miljø- og biovitskaplege universitet), medan produksjonsdelen vert leia av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) på Furuneset i Fjaler.
- Det er veldig kjekt at det føregår forsking på Vestlandet, og at roboten skal slå her gjennom sommaren.
Mykje arbeid gjenstår
FRAMTIDA: Forskingsprosjektet "Grassrobotics" har ein sum på cirka 12 millionar, og skal vera ferdig i 2021.
- Roboten går av seg sjølv, den går på GPS signal og har innebygde sensorar forklarar Felde.
Sjølv om roboten kan mykje, skal den framleis vidareutviklast.
- Det står igjen ein del ting, men prosjektet skal ikkje vera avslutta før i desember 2021.
- Trur du at me vil sjå mange robotar på gardane framover?
- Forskinga vil vise om dette kan fungere, og deretter må me sjå om dette er kommersielt interssant avsluttar Felde.