Kva meiner du?
Landbruket har som viktigaste samfunnsoppdrag å auke matproduksjonen basert på norske ressursar. Norges Bondelag skal denne vinteren meisle ut dei landbrukspolitiske måla vi skal arbeide med dei komande 4 åra og inviterer deg til å kome med innspel på kva som skal prioriterast.
Denne runda er ein tidleg idéfangst. Forslag til næringspolitisk program for 2013 – 2017 vert sendt på høyring til lokal- og fylkeslag i februar. Det næringspolitiske programmet skal vedtakast på Norges Bondelag sitt årsmøte juni 2013 i Loen, og det erstattar prinsipprogrammet.
Her kan du gå inn på Norges Bondelag si side og gje dine innspel direkte
Gje dine innspel innan 25. november til:
- infopost@bondelaget.no
- Via lenkje på bondelaget.no
- På bondelagets facebookside
- Brev til Norges Bondelag: PB 9354 Grønland, 0135 Oslo, merka ”Næringspolitisk program”