Korleis møte klimakrava – eit kurs for bønder med grovfôrproduksjon

Vil du lære meir om gode klimatiltak på din gard? Bondelaget, NLR og TINE inviterer til kurs i klimatiltak som også kan betra økonomien på garden, og korleis bruke den nye klimakalkulatoren. 12. januar på Haugalandet, Tysværtunet på Aksdal og 13. januar på Jæren, Bryne Kro og Hotell. Frå kl. 19.00-22.00 Kursa er gratis. Kaffi og noko lett å bite i. Av smittevernomsyn må me ha påmelding to dagar før møtet. Sendast til are.h.braaten@bondelaget.no