Sveitsar nytt europeisk styremedlem i WFO
Sveitsiske Fritz Glauser er vald til nytt styremedlem i World Farmers`Organisation.
Fritz Glauser er mjølkebonde og produserer den kjende Gruyereosten til det lokale samvirket han er medeigar i. Han tek over vervet etter belgiske Piet Vantemsche. Tidlegare nestleiar i Norges Bondelag, Berit Hundåla hadde vervet før Vantemsche, ved oppstarten av den nye organisasjonen.
Noverande nestleiar Kristin Ianssen har besøkt Fritz på garden i Sveits og er godt nøgd med valet:
- Eg trur han kjem til å gjere ein god jobb. Han er oppteken av openheit og god informasjonsflyt til dei europeiske medlemmene i WFO. Det er heilt avgjerande for at medlemsorganisasjonane skal engasjere seg. Dessutan har han god innsikt i den typen landbruk vi driv i Noreg, seier Kristin Ianssen.
World Farmers`Organisation vart stifta i 2011. Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er norske medlemmer. Det er rundt 70 medlemmer frå rundt 50 land som dekker alle verdsdeler. I styret er det eitt medlem frå kvar verdsdel. Styreleiar er Evelyn Nguleka frå Zambia.
Bilettekst: Den sveitsiske mjølkebonden Fritz Glauser er vald til ny styremedlem i World Farmers` Organisation. Her saman med leiar Evelyn Nguleka og Kristin Ianssen.