HMS-kampanje med praktisk nytte
-Vi må få bonden ut av "dette går bra"-moduset, seier Bondelagsleiar Nils T. Bjørke om den nye HMS-kampanjen.
Bondelagsleiaren tok del i opninga av kampanjen "Ingen ulukke på min gard - for trygghet og overskudd", ein kampanje som skal strekka seg over to år med mål om eigne HMS-kurs i kvar einskild kommune over heile landet. - Og etter desse møta voner eg me bønder vil heim og ta oss ein runde på eigen gard for å finna utfordringane før det skjer nok, streka Bjørke under.
Fokus på drift og helse
Kampanjen er eit spleiselag melllom mange organisasjoner i landbruket og mydigheitene der avtalemidlar utgjer finansieringa. - Vi har arbeidd lenge for å få ned ulykkene i landbruket. Likevel er det stadig vekk for mange ulykker i landbruket, seier Bondelagsleiaren som føler seg sikker på at kampanjen som har Hans Huseby som prosjektleiar, vil få praktisk nytte for bonden. - Målet er at bonden får meir oversikt, og fokus på drift og helse, seier han.
Praktisk retta
- Eg har stor tru på ein kampanje som er praktisk retta. Ein kampanje som vil vere nyttig og for dei som ikkje skadar seg, ein kampanje som fører til at deltakarane går heim etter møtet forå snakke saman, seier Bjørke om kampanje der målsettinga er å nå 20.000 bønder med råd om helse, miljø og sikkerhet.
700 fagarrangement
I løpet av kampanjeperioden skal det arrangerast om lag 700 fagarrangement over heile landet innan følgjande tema: Trygg bruk av traktor, sikrare handtering av store dyr, brann og brannsikring, reduksjon av eksponering for støv i arbeidsmiljøet, reduksjon av fallfarar og tryggleik i skogen.
Landbruket si HMS-teneste er fagleg ansvarleg for kampanjen.