Fjellvettregelen når det gjelder nedbygging av matjord
-Det er ingen skam å snu, skriv Bondelagsleiar Nils T. Bjørke. På 20 år har Noreg bygt ned matjord lik 47 000 fotballbanar.
I eit innlegg på verdas matvaredag, skriv Bondelagsleiaren at Noreg har eit av dei mest hurtigveksande folketala i Europa. - Med dagens svake jordvern, vert sjølvforsyningsgraden svekka. Me klarar ikkje lenger å oppretthalde sjølvforsyningsgraden til vår veksande befolkning.
En viktig grunn til dette er at jordbruksarealet vert redusert, enten som følgje av gjengroing eller som følgje av nedbygging. Gjengroing skuldast i hovudsak at det ikkje er økonomisk lønsamt å drive disse areala. Nedbygging skjer mest på areal nær byar og tettstader, gjerne til fordel for bustader, næring og vegar, skriv Bjørke i innlegget "Eit Noreg utannok mat?".