Podkast: Sjømatnæringa VS landbruket

(11.02.2021) Sunnmørsposten er ute med ny episode av næringslivspodden MAR, der nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Odd Bjarne Bjørdal, debatterer landbruket vs sjømatnæringa med styreleiar i Sjømat Norge, Inger Marie Sperre.
I introduksjonen til podkasten er temaet presentert slik:
- Må norske bønder godta konkurranse frå rimelege, britiske produsentar? Ja, meiner sjømatnæringa og Inger-Marie Sperre som vil ha frihandel med Storbritannia.
- Det får det til å koke hos Bondelagets Odd Bjarne Bjørdal som meiner landbruket skapar svært viktige verdiar for landet.