På Bondelaget sin stand på Skansekaia er det full aktivitet. Barnehagebarn står i kø for å få male korn. Dette er stor stas! - og eit fint utgangspunkt for å snakke om kor maten kjem i frå. Mjølet, ja det blir med tilbake til barnehagen, i ein brun papirpose - saman med alderstilpassa kunnskapsmateriell og fargerike tatoveringar med traktorar, dyr og gulrøtter. Tenåringar svarar på quiz for å finne ut kor mykje bonde dei er. Resultata varierer, men forma engasjerer. 

I naboteltet har unge kokkespirer frå Borgund vidaregåande skule kokkekonkurranse. Kjekk norsk ungdom som har lyst til å lage mat til oss i framtida og som er godt i gang allereie. Langtidssteikt svinenakke står på menyen. Leander og Lukas vinn konkurransen og kan reise heim på hybelen med blomster og heder og ære når den alternative skuledagen er over.

Politisk matprat
Torsdag ettermiddag var Møre og Romsdal Bondelag medarrangør for politisk matprat i hovudteltet. Her møttest stortingspolitikarar og fylkespolitikarar for å diskutere framtida for landbruket i Møre og Romsdal. Det er eit uttalt politisk mål at vi skal auke sjølvforsyninga her til lands frå 40% til 50%. Samtidig har ein tidel av jordbruksarealet i Møre og Romsdal gått ut av bruk i løpet av dei siste tjue åra. Kva politiske grep kan vi ta for å snu dette?

Per Vidar Kjølmoen, stortingspolitikar og landbrukspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, framheva gong på gong at lønnsomheita må opp. Han meinte at regjeringsskiftet inneber eit heilt nødvendig politisk skifte når det gjeld landbruket. - Den nye regjeringa har starta på ein snuoperasjon. Jobben er ikkje gjort, men vi er i gang, sa han.

- Sjølvforsyningsgraden i fylke og kommune kan vi i stor grad styre sjølve. Det hevda Høgre sin representant, Anders Riise. - Driveplikta må følgjast opp og det er eit kommunalt ansvar. Her nevnte han Hareid som eit godt eksempel på ei kommune som har klart å ta tak i dette. Riise var også opptatt av at ein må legge til rette for alternative måtar å drive gard på, med for eksempel gardsmat og gardsturisme. 

Kristin Sørheim frå Senterpartiet var også innom mangesysleriet. Samtidig var ho opptatt av volum. - Vi skal ha nok mat, kvar dag, heile året, kvart år. Det må gå an å leve av å produsere mjølk og kjøt og omsette dette gjennom samvirka. Ho var også opptatt av rekruttering til næringa, mellom anna gjennom god utdanning og vidareutdanning. - Kostnadane må ned og lønnsomheita må opp. Men bøndene treng også fagmiljø og kollegaer, meinte ho.

Jordvernet er under stadig press. Framskrittspartiet sin representant, Geir Stenseth, minte om dette: - Nedbygging av jord skjer over alt, uavhengig av politisk farge, sa han. Mens Kristin Sørheim minte om at regjeringa nettopp har sendt brev til kommunane om at omsynet til jordvern skal vege tungt.

Handelssystema og kjedemakta var også tema. Audun Skjervøy, jordbær- og grønnsaksbonde i Valldal og medlem i fylkesstyret i Møre og Romsdal bondelag, fortalte eit ferskt skrekkeksempel frå si eiga næring, om ein sentral aktør med mykje makt som tek avgjerder som er til skade for lokal produskjon og som fører til store tap for lokal produksjon. Han utfordra politikarane: - Dette må de sjå på og gjere noko med, sa han. - Vil vi ha matproduksjon basert på lokale ressursar, så krev det politisk styring og politiske grep.