Godt frammøte på bondelunsj
- Det er fortsatt grunn til å ha høge forventningar til jordbruksoppgjeret. Det var noko av budskapet frå stortingsrepresentant Jenny Klinge til Molde Bondelag som var samla til lunsj tysdag.
Mange møtte fram på bondelunsjen på Ellingsgård på Bolsøya i dag. Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Sp og medlem av næringskomitéen, tok turen. Det same gjorde NRK Møre og Romsdal. Kan hende blir det innslag i distriktssendinga på TV i kveld.
- Vi er i ein spesiell situasjon, med høge forventningar til den nye regjeringa, som både vil mykje og har lova mykje - og samtidig har vi hatt ein kostnadsauke som ingen har kunna forutsjå. Men det er fortsatt grunn til å ha høge forventningar, sa Jenny Klinge.
Samtalen - som mellom anna handla om kostnadskompensasjon, inntekstsauke og investeringsmidlar - var prega av ein god, men litt utålmodig tone, med ærlege spørsmål og tilbakemeldingar.
Det var Molde Bondelag og produsentlaget i Tine som stod som arrangør. Mjølkebøndene Kjersti Fløystad Ellingsgård og Amund Bjørkli var vertskap. Vêret spelte på lag og laga ei god ramme rundt måltidet og praten.