- Samvirkekonferansen 2018 er ein viktig konferanse
18.-19 januar inviterer Samarbeidsrådet i Rogaland til stor landbrukskonferanse. Meld deg på i dag!
Konferansen har tittelen «Landbruket skal ikkje inn i det grøne skiftet – me er der allereie», og blir arrangert på Scandic Forus 18.-19. januar. Konferansen er open for alle.
Ein del av løysinga
- Me er godt i gang med omlegginga som det grøne skiftet er. Det er det me prøver å belysa med foredragshaldarane på Samvirkekonferansen 2018, seier leiar i Samarbeidsrådet i Rogaland, Askild Eggebø.
Han meiner landbruksnæringa er bevisst på at næringa ikkje bare er ein del av miljøproblemet, men også ein stor del av løysinga.
- Eit samla landbruk kan ha gevinst av «det grøne skiftet», meiner Eggebø.
Trendar
Konferansen har også fokus på mattrendar og korleis landbruksnæringa kan tilpassa seg utviklinga i samfunnet.
- Me må vera litt i forkant og læra oss å forstå. Me lever trass alt av å selja varer som folk vil kjøpa, held Eggebø fram.
Samlingsplass
Samvirkekonferansen blir arrangert annakvart år og er ein samlingsplass for alle som på ein eller annan måte er involvert i landbruket, i organisasjonar og bedrifter som er avhengige av landbruket eller bare er interesserte i det som rører seg i og rundt landbruket.
- Eg tykkjer me har fått til eit bra program. Eg liker særleg godt at me set fokus på det me sjølv held på med i utlandet. Tine har meieriindustri i USA og Geno er store på avl, for å nemna noko. Og for høns er det litt motsett veg, at andre land ser til Noreg, seier Eggebø.
Konferansen er open for alle. Vil du melda deg på?
Send ein e-post til jorunn.erga.steinsland@bondelaget.no for påmelding eller meir info.
Søk også opp "Samvirkekonferansen 2018" på Facebook.
Prisane er:
Heile konferansen: 2400,-
Inkluderer dagpakkar, middag om kvelden, overnatting og frokost.
Heile konferansen utan overnatting: 2000,-
Inkluderer dagpakkar og middag om kvelden.
Bare dagtid torsdag og fredag: 1500,-
Inkluderer dagpakkar begge dagane.
PROGRAMMET:
Dag 1 - Me er langt inne i det grøne skiftet
11.00 Lunsj
12.00: Opning og innleiing
Askild Eggebø, leiar Samarbeidsrådet i Rogaland
Trond Reierstad, leiar i norsk landbrukssamvirke,
12.30: Kva er gjort, kor er me, kor skal me?
Harald Volden, Tine.
13.00: Norsk landbruk i møte med klimaendringane
Nils Vagstad, dagleg leiar NIBIO
13.30: Pause
14.00: Ei smart verd treng eit smart landbruk!
Ivar Rusdal, styreleiar i Nordic Edge AS.
14:30: Den neste revolusjonen er grøn!
Anders Waage Nilsen, kreativ leiar i Netlife design, digitalt designbyrå.
15.00: Framtidige klimaendringar: Kva veit vi eigentleg.
Martin Hovland, meteorolog/klimaforskar
15.30: Pause
16.00: Norsk landbruk internasjonalt:
-
Olav Eik Nes, adm.dir Norsvin
-
Roar Feedt, direktør forretningsutvikling FKRA
-
Sverre Bjørnstad, adm.dir Geno
-
Tone Steinsland, eigar og eggentusiast i Steinsland og co
17.30: Rogalandsgarden - Vårt internasjonale ansvar
Ole Eriksen, U-landsutvalet.
19.00: Middag med underhaldning
Dag 2: Ernæring, trendar og dyrkingsmåtar
08.30: Ernæring og trendar
Birger Svihus, professor ved NMBU
09.15: Kaffepause
09.30: Forbrukartrendar og utfordringar
Mats Bendiksby, konserndirektør utvikling og marked, Nortura
10.15: Tar landbruket omsyn til trendar? Kan norske dyr eta heilnorsk fôr?
Per Harald Vabø, ny adm.dir i FKRA
11.00: Kan landbruket brødfø verda?
Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar AgriAnalyse
12.00: Avslutningslunsj