Denne forskriftsendringa vart gjennomført etter ein høyringsrunde der eit overveldande fleirtal var i mot ein auke av konsesjonsgrensene.
Import av jordbærplanter
Frå og med 1. januar i år er det tillatt å importere jordbærplanter frå EU, etter at det i haust vart gjort endringar i plantehelseregelverket.
Endringar i dyrevelferdsregelverket for slaktekylling
Endringar i dyrevelferdsregelverket for slaktekylling er også gjeldande frå 1. januar i år. Endringane i regelverket heng saman med doblinga av konsesjonsgrensene på kylling. Det blir sett strengare krav til dokumentasjon av god dyrevelferd for å produsere med høg tettheit, skriv Landbruksdepartementet på heimesidene sine. Det vil også vere krav om utvida oppfølging av besetningane med to obligatoriske besøk av veterinær kvart år.
Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg
19. desember fastsette Landbruks- og matdepartementet ei forskrift om tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.
Ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot
19. desember endra departementet også forskrifta som regulerer kven som kan motta produksjonstilskot. På denne måten er det no opna for at AS kan motta tilskot, og ikkje berre personar.
Dette er ei endring som har møtt motbør i høyringsrunden, men som landbruks- og matministeren likevel har valt å endre.
Den nye forskrifta om avløysartilskotet krev at tilskodet blir utbetalt direkte til bonden, ikkje lenger via avløysarlaget. Landbruket meiner at endringa vil svekke den kollektive beredskapen avløserlaga har ved sjukdom, ved at det kan bli vanskelegare å få tak i avløysar, og det kan gje bonden større risiko i ein krisesituasjon.
- Les også: Mer AS i landbruket
På same tid vart det fastsett ny forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel. Les meir om endringane på heimesida til Landbruks- og matdepartementet.
Fleire forskriftsendringar
Landbruks- og matdepartementet låg ikkje på latsida før jul, og gjennomførte også fleire forskriftsendringar og innførte nye forsrkifter.Endringar i forskrift om administrative tollnedsetjingar og i forskrift om fordeling av tollkvoter for landbruksvarer, endringar i forskrift om råvareprisutjamning for bearbeidde jordbruksvarer, dei innførte ny forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket og ny varsel- og meldingsforskrift om sjukdom hos dyr.
Omsetjingsavgift fastsett
18. desember vart også omsetjingsavgiftene for 2015 fastsett. Frå 1. januar 2015 er omsetjingsavgiftene slik:
ku- og geitmelk |
6 øre/liter |
kjøtt av storfe og kalv |
Maks 150 øre/kg |
kjøtt av sau og lam |
maks 150 øre/kg |
svinekjøtt |
maks 150 øre/kg |
egg |
80 øre/kg |
kjøtt av kylling |
24 øre/kg |
kjøtt av kalkun |
24 øre/kg |
Pelsdyrskinn |
1,0 % av salgssummen |