Grovfor i ei vanskeleg tid - invitasjon til møte
Årets grovforavling vert for dei aller fleste mykje mindre enn kva som er normalt. Det vert i desse dagar referert til eit avlingsnivå mindre enn 50 % av eit normalår. Av ulike grunnar er det difor viktig å planleggje, eller starte tiltak for å spare grovfor. Dette gjeld no i sumar - og det gjeld og med tanke på den komande inneforingssesongen. Det er viktig å stå saman i ein svært krevjande situasjon. For næringa - og for kvar einskild.
Til alle bønder og grovforprodusenter på Agder:
Invitasjon til møte
Stad: Evjemoen Kino - Evjemoen
Dato: Tysdag 10. juli
Tid: Kl 11:00
Følgjande organisasjonar deltek på møtet:
- Norsk Landbruksrådgiving: Status for grovforavling så langt i år - og dyrkingsråd i ein utfordrande sumar.
- Felleskjøpet Rogaland Agder - og Fiskå Mølle: Kraftfor i ei tid med lite grovfor - kva for alternativ finnast.
- Tine: Lite grovfor - utfordring i mjølkeproduksjonen
- Nortura: Livdyrsalget og slaktetidspunkt i ein vanskeleg situasjon.
- Fylkesmannen v/ landbruksdirektøren: Informasjon om ulike erstatningsordninger.
- Arrangør: Aust-Agder og Vest-Agder Bondelag.
- Vel møtt -