Surnadal Bondelag er eit lokallag som jobbar jamt og godt. I samarbeid med andre lag og organisasjonar arrangerer dei jamleg fagkveldar med tema knytt til ulike produksjonar eller andre tema som tek for seg ulike sider ved det å drive ein gard. Dei såkalla Kløverstukveldane gir ei god oppleving av kollegafellesskap, og betyr mykje både fagleg og sosialt.

Surnadal Bondelag er i tillegg godt synlege og aktive i lokalsamfunnet. Dei forheld seg aktivt til politikarar på ulike nivå. Dei gjer ein god figur i media lokalt og regionalt, der dei bidrar til å kaste lys over aktuelle saker. Dei har også ei eiga Facebookside som dei brukar godt, ikkje minst til å drive PR for eigne arrangement.

Laget har god kontakt og godt samarbeid med kommunen. Dette har kome godt med i året som gjekk, då lokalsamfunnet vart hardt ramma av uvêr. Laget har tatt mykje ansvar for oppryddinga etter Gyda, både med organisering og med praktisk innsats. Laget har også engasjert seg i forebyggande tiltak for å avgrense skade ved framtidige hendingar med uvêr og flaum.      

Laget stilte også med traktor og hengar og flagg fremst i toget i den lokale Pride-markeringa. Ein tydeleg bodskap om at i landbruket og i lokalsamfunnet skal det vere plass til alle.

Surnadal Bondelag går no vidare til den landsdekkande konkurransen i Norges Bondelag om å bli Årets Lokallag 2022.