Arbeidsplan 2017-2018

  • Tips en venn om denne siden

På fylkesårsmøtet 3.-4. mars 2017 i Molde vart følgjande arbeids- og tiltaksplan 2017-2018 for Møre og Romsdal Bondelag vedteke:

Møre og Romsdal Bondelag, som fylkeslag av Norges Bondelag og bøndene sin største faglege og næringspolitiske organisasjon, har som mål å samle alle som kjenner seg knytt til landbruket, og vere den organisasjonen som best kan fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bøndene, grunneigarane og bygdene sine økonomiske, faglege, sosiale og kulturelle interesser i fylket. Bondelaget skal vere bonden og landbruket sitt viktigaste talerøyr mot styresmaktene sentralt, i fylket og i kommunane. Vårt overordna mål er å fremme eit berekraftig landbruk og ei samfunnsutvikling som sikrar inntekt for bonden, matforsyning, miljø og arbeidsplassar og busetnad i levande bygder.

Næringspolitikk:

Mål: Arbeide for inntekt og sosiale rettar på line med andre i samfunnet. Fylkeslaget sin uttale til jordbruksforhandlingane 2017 blir retningsgjevande for politiske prioriteringar i 2017 – 2018.

  • Ta initiativ, vere pådrivar og drive skolering i saker som gjeld landbrukspolitikken, klima og miljø, næringsutvikling, naturforvaltning, kulturlandskap, verneplanar, rovdyr, lokal og regional forvaltning.

Rekruttering – Likestilling – Kompetanse:

  • Rekruttering av unge og kvinner til næringa, tillitsverv og landbruksutdanning.
  • Informasjonsmateriell om næringa til skule og ålmenta.
  • Kurs eigarskifte og nye tillitsvalde og samling unge bønder.
  • Samordne og stimulere kurstilbod og arbeide for nye tilbod om landbruksutdanning.

Samfunnskontakt og utadretta verksemd

Mål: Fremme distrikts- og landbrukspolitiske saker. Positive informasjonsmarkeringar med norsk mat i sentrum, synleggjere arbeidet Bondelaget gjer og presentere faktaopplysningar om næringa.

  • Politikarar og beslutningsorgan: Kontakt med offentlege myndigheiter og kommunane. 
  • Opinionen og forbrukarane: Informasjonsaksjonar. Alliansebygging.
  • Media: Vere synleg i mediabiletet, reise eigne saker og ta del i samfunnsdebatten.
  • Kontakt og drøfting mellom landbrukssamvirket og Bondelaget.
  • Open Gard – minst eitt arrangement i kvar region

Organisasjon

Mål: Organisasjonsbygging, skolering, rekruttering og  auke medlemstalet.

  • Utvikle møta i fylkeslaget og lokallaga som arena for sosial og fagleg aktivitet.
  • Informere tillitsvalde, medlemmer og andre ved lokallagsskriv og heimeside på Internett.
  • Kontakt med medlemmer og lokallag.
  • Prioritere medlemsverving av uorganiserte bønder. Invitere alle nye bønder til medlemsskap

Landbruksbasert næringsutvikling – tradisjonelt og nye næringsgreiner 

 Mål: Peike på mulegheiter på garden, forsterke det faglege miljøet i næringa.

  • Informere om virkemidlar for næringsutvikling.
  • Auka arbeid med landbruksfaglege saker.
  • Regionalt samarbeid i samarbeidsrådet for Midt-Norge og med Vestlandsfylka.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Fredag
06
mars

Næringskonferansen 2020 «Levedyktig landbruk»

Hotell Alexandra, Molde
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøtet 2020

Hotell Alexandra, Molde
Lørdag
28
mars

Temadag Eigarskifte

Scandic Hotel Alexandra, Molde

Våre samarbeidspartnere