Fem nyvalde fylkesleiarar og ein ny organisasjonssjef var på plass då representantskapet i Norges Bondelag var samla like før påske. Vi ønskjer dei velkomne på laget og lukke til med viktige arbeidsoppgåver.

 Erling Aas-Eng er ny fylkesleiar i Hedmark Bondelag etter Einar Myki. Han er mjølkebonde i Tolga og tidlegare ordførar.

  • Les meir:Ny leder med tydelig programerklæring

Tor Erik Leland er ny fylkesleiar i Vest-Agder etter Birte Ueland. Han er mjølkebonde i Audnedal.

Thorleif Müller er  nyvald leiar i Vestfold Bondelag etter Hans Edvard Torp. Müller er jordbærprodusent på Nøtterøy.

Aslak Snarteland er vald til ny fylkesleiar i Telemark etter Kjell Sølverød. Snarteland kjem frå Fyresdal og driv med mjølk, storfe og sau. Han er også styreleiar for Dyrsku`n.

Nyvald leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde var også aktivt til stades på representantskapsmøtet før påske. Felde er mjølkebonde i Breim og han tar over vervet etter Per Hilleren.

Mina Mjærum Johansen er ny organisasjonssjef i Østfold etter Nina Glomsrud Saxrud. Mina kjem frå jobben som rådgjevar i næringspolitisk avdeling i Norges Bondelag.