Landbruksvareimporten frå EU femdobla
Landbruksvareimporten frå EU til Noreg er femdobla frå 1990 til 2010. Eksporten frå Noreg står på staden kvil.
Den auka importen av basis landbruksvarer fører til eit stort press på norsk produksjon, strekar Norges Bondelag under i sitt høyringssvar til Europautredningen.
Importkvote = 10 prosent av norsk osteforbruk
Under artikkel 19-avtala gjeld dette i særleg grad mjølkeproduksjonen, som er ein berebjelke i norsk distriktsproduksjon. Importkvoten på ost utgjer no over 10% av norsk osteforbruk. I tillegg kjem import utanom kvota og grensehandel. Samla sett er importandelen no oppe i rundt 13%, mot 6% i år 2000. Medan folkeauken i Noreg siste ti åra har vore på 9%, har melkeproduksjonen gått ned 3%. I same periode gjekk importen av meieriprodukt opp frå vel 4000 tonn til rundt 20 000 tonn, heiter det i brevet til Utenriksdepartementet.
Stor auke av bearbeidde landbruksvarer
Importen av bearbeidde landbruksvarer (t.d. bakevarer, pizza og yoghurt) har auka vesentleg sidan EØS-avtala vart inngått. Berre sidan år 2000 har importen av bearbeidde landbruksvarer til Noreg auka med 8-10% årleg. Til dømes aukar importvolumet på brød og bakevarer med 5% årleg, og importen av smakstilsett yoghurt auka med 47% (i mengde) berre frå 2010 til 2011. Handelen med bearbeidde landbruksprodukt blir regulert gjennom protokoll 3 til EØS-avtala. I utgangspunktet inngår desse varene i den frie vareflyten, men partane kan bruke toll, prisnedskriving og eksportstøtte for å utjamne råvareprisen mellom EU og Noreg. Utfordringa er mellom anna at skilnaden i råvarepris er basert på prisar i 1994. Medan Noreg sine prisar i hovudsak har blitt høgare, har EU sine prisar i større grad nærma seg verdsmarknadsprisen. Dette har ikkje blitt utjamna ved auka tollsats inn til Noreg, peikar Bondelaget på.
- Bondelagets høyringssvar
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Hildegunn Gjengedal.
- Bondelagets temasider internasjonalt arbeid