Det var Helsedirektoratet som arrangerte rådslag om dei nye kostråda som sannsynlegvis kjem i august. I juni la ei gruppe oppnemnt av Nordisk Ministerråd fram sitt kunnskapsgrunnlag for oppdatering av kostråda i dei nordiske landa. No skal dei norske kostråda utformast. Nesten 40 grupper eller enkeltpersonar heldt innlegg under rådslaginga.

Må skape tillit og vere kunnskapsbasert

Fylkesleiar Elisabeth Gjems frå Innlandet heldt innlegg for Norges Bondelag og la vekt på at vi har alle moglegheiter til å produsere sunne og berekraftige produkt basert på heile spekteret av norske råvarer frå frukt, grønt, korn, egg, kjøt og mjølk.

- Produkta må vere kunnskapsbaserte og skape tillit. Det må vere realistisk og overkommeleg for folk å følgje råda. Dei må vere tilpassa norske forhold. Elles kan det bli vanskeleg å følgje råda og vi kan ende opp med ei omlegging av norsk produksjon samtidig som forbrukaren held fast på gamle kostvanar. Det kan i verste fall føre til meir import, med høgare klimagassutslepp, dårlegare dyrevelferd og meir bruk av antibiotika som resultat, sa Gjems.

Det nordiske kunnskapsgrunnlaget (NNR) lagt fram i juni skapte debatt særleg på grunnlag av tilrådinga om å gå ned frå dagens tilråding om maks 500 g til 350 g raudt kjøt i veka.

- Det er viktig at dei nye kostråda nyanserer i forhold til sluttprodukt. Det er ei overforenkling å definere til dømes raudt kjøt generelt som eit helseskadeleg næringsmiddel. Et er stor skilnad mellom skånsamt handsama reint kjøt og svidde pølse med mykje feitt og salt, på same måten som det er skilnad på rå potet og potetgull. Det må reflekterast i råda, sa Gjems, som påpeika at det også må vere nyansert i kommunikasjonen til ulike grupper som har ulike behov.

Heile spekteret av berekraft og landbrukskompetanse

I det nordiske kunnskapsgrunnlaget vart også miljø og klima integrert i kostråda. Norske styresmakter har bestemt at berre helse skal leggast til grunn for råda. Det er likevel antyda at ein skal ha til dømes eit kapittel om berekraft også i dei norske råda.

- Det er viktig at ein då tek med alle aspekta av berekraft, både økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Ein må også sørge for at ein tek med landbrukskompetanse inn i utforming av berekraftskapitlet, sa Elisabeth Gjems.

Det var eit bredt spekter av organisasjonar og enkeltpersonar, og dermed mange ulike syn som var representerte i rådslaginga. Fleire landbruks- og bygdeorganisasjonar deltok, i tillegg til m.a. Bama,  Sjømatrådet, Oslo Vegetarfestival og Framtiden i våre hender.

Helsedirektoratet sa ingenting om korleis dei vil ta desse råda vidare, men det blir lagt opp til ei høyring i mars. Dei endelege råda sannsynlegvis i august.