Nyheter

Optimisme for sauehaldet

(DRIVA): Færre tap til rovdyr fører til gryande optimisme i sauenæringa. Endeleg ser det ut som det går an å satse litt på sau. Både Ola Kvendset og Oddvar Mikkelsen har bestemt seg for å fortsette – Ola er leiar i Todalen Bondelag og Oddvar er i styret til Møre og Romsdal Bondelag. Dei er innstilt på å kjempe for sauen.

– Låner bondeargumenta

(SUNNMØRSPOSTEN): Gardbrukar og leiar i Hjørundfjord Bondelag, Knut Hustad, synest det snodig å sjå at industritoppar i ytre strøk no vil ha skjerming mot internasjonal konkurranse – og dermed prisvern. – Dette har jo vore kronargumenta våre i jordbruksforhandlingane, men utan noko som helst forståing frå industrihald, beklagar Hustad.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere