Uroa over effekt av TTIP på landbruk og forbrukar
Landbruksindustrien, bøndene og forbrukarane er alle uroa over effektane av TTIP. Det kom fram under Nei til EUs konferanse om effektane av TTIP og EØS på landbruk og mat. Ein ny rapport frå AgriAnalyse stadfestar inntrykket.
- Handelen må ikkje øydelegge for moglegheiten for å produsere mat i kvart land. Kvar bit av landet må takast i bruk. Vi kan ikkje skusle det vekk på alteret til frihandelen og dei store selskapa.
Det sa nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen då ho deltok i paneldebatt med nestleiar i Senterpartiet, Anne Beathe K. Tvinnereim og leiar i Europabevegelsen Jan Erik Grindheim. Ho fekk støtte frå Tvinnereim, medan Grindheim meinte frihandel var bra, også for landbruket.
TTIP går for langt
Også næringsmiddelindustrien er uroa over kva som kan ligge i ei ny handels- og investeringsavtale mellom EU og USA (TTIP), som no er under forhandlingar. Estelle Brentnall frå Nærings- og nytelsesforbundet sin europeiske paraplyorganisasjon, EFFAT, stolar ikkje på EU-kommisjonen sine forsikringar om at TTIP ikkje blir eit kappløp mot botnen.
- Vi er opptekne av høge standardar for arbeidsrettar og miljø. Er det verkeleg mogleg å få til høgare nivå på slike standardar eller godkjenning av standardar mellom EU og USA? Er det verkeleg forhandlingar mellom likestilte partar? Sa Brentnall, som også stilte spørsmålsteikn ved om Kommisjonens løfte om 0,5% auke i BNP kunne vere eit truverdig argument i ei tid med høg arbeidsløyse.
- Er TTIP ei frihandelsavtale som går for langt, spurde Brentnall.
Provosert over fisk mot landbruk
Også leiar Jan Egil Pedersen er uroa over kva TTIP kan bety. Han peika på kor viktig det er å verne om arbeidsplassane i landbruket, og var kraftig provosert over sist vekes rapport frå NUPI som set fisk opp mot landbruk.
- Det er ingen andre land i verda som set to slike nasjonale interesser opp mot kvarandre, sa Pedersen, som var ein av initiativtakarane for allianse for å få på plass ostetollen.
Forbrukarrådet ikkje overtydd av Kommisjonen
Også Forbrukarrådet er usikker på kva som vil vere effektane for forbrukar av TTIP. – Vi er for konkurranse, men det må ikkje gå utover miljø og forbrukarvern. USA og EU har forsikra om at dei ikkje planlegg ei svekking av krav til helse-, miljø og mattryggleik. Men dei store handelsmessige gevinstane for EU og USA ligg i nedbygging av tekniske handelshinder. Vi veit at amerikanske bønder klagar over EU-reglar for hormonhandsaming av kjøt, vekstfremjarar osv., sa Instefjord.
Han peika også på at det var ein strid mellom EU og USA om merking av GMO, der EU ynskjer eksplisitt merking på pakken, medan USA meiner det må halde med strekkoding.
Statssekretær Elsbeth Tronstad forsvarte EØS-avtala og peika på at EU forsikra om at TTIP ikkje ville føre til senka standardar. Ho sa regjeringa no skulle gjennomføre ei ekstern konsekvensutgreiing før dei bestemte seg for om Noreg skal slutte seg til ei eventuell TTIP-avtale.
AgriAnalyse presenterte ein rapport om TTIP og landbruket på seminaret, som peika på negative effektar på landbruket av ei eventuelt norsk tilslutting til TTIP.
Du kan lese heile rapporten og nettsak på Nei til EU sine heimesider.