Det streka første nestleiar i Norges Bondelag, Berit Hundåla under då ho møtte Utenriksdepartementets aspirantkurs om "samstemthet i utviklingspolitikken". Bondelagets første nestleiar tok del i ein paneldebatt der ho møtte representantar frå Fremskrittspartiet og Kirkens Nødhjelp.

Landbruk for lite prioritert i bistand

- Landbruket er har vore for lite prioritert i årevis i bistandspolitikken og norsk utviklingspolitikk. Andel av støtta som går til landbruket har falle dramatisk både frå nord til sør og internt i sør. Siste åras matkrise har fått mange til å opne augene og sjå at auka investeringar i landbruket er heilt nødvendig, peika Hundåla på.

Ikkje manglande samstemthet

- Vi har rett og plikt til å produsere den vesle andelen av verda sin matproduksjon som norsk landbruk står for. Med rette har regjeringa ein ambisjon om å auka norsk landbruksproduksjon for å halde tritt med folkeauken i Noreg. Det er ikkje for ambisiøst all den tid vi berre produserer mindre enn halvparten av maten vi et. Når eg slepp lamma mine ut på fjelbeite på sommaren, er det ingen andre som vil nytte seg av dei ressursane om eg sluttar med sau, sa Hundåla som meinte det ikkje er manglande samstemthet å oppretthalde ein norsk landbruksproduksjon til eiga befolkning og samtidig jobbe for utvikling i sør.

- Eg har enno til gode å treffe ein bonde frå eit utviklingsland, eller frå eit anna land for den saks skyld, som skuldar med for umoral når eg ynskjer å produsere lammekjøt til norske forbrukarar, streka ho under.

Vi vil vri importen vi treng

- I dag står EU for nesten heile importen av landbruksvarer til den norske marknaden. Vi vil vri noko av den importen vi uansett treng, frå EU til utviklingsland. Men då må vi slutte å gi EU så gode preferansar. Det krev mot, jamfør reaksjonane på dei små tollendringane Regjeringa gjekk inn for tidlegare i haust.

Kontakt i Norges Bondelag: Berit Hundåla

Bondelagets temaside internasjonalt arbeid

Bakgrunn:

Med 8 avdelinger og et uteapparat på mer enn 100 stasjoner er Utenriksdepartementet det personellmessig største departement i norsk statsadministrasjon. Det er også det eneste departement med to statsråder: en utenriksminister og en utviklingsminister, med hvert sitt konstitusjonelle ansvar. Les mer om departementet.

Som fagdepartement er Utenriksdepartementet saksforberedende og utøvende organ for utenrikspolitiske saker, for utenriksøkonomiske spørsmål og utviklingssaker. Utenriksdepartementet har også en viktig samordnende og rådgivende funksjon overfor andre departementer og statsinstitusjoner, ettersom det er utenriksministeren som har det øverste ansvar for å tilrettelegge, samordne og iverksette norsk utenrikspolitikk.

UDs aspirantkurs er et treårig traineeprogram med sikte på fast jobb i utenrikstjenesten. Kurset er en kombinasjon av opplæring og praksis – i Norge og i utlandet. Aspirantopptaket blir som regel publisert primo januar med søknadsfrist ultimo januar/primo februar. I 2012 var det nærmere 500 søkere.