Kunst på jordet

Tittel: Handle With Care
Teknikk: Kverneland 7 skjærs semi vendeplog og New Holland T7050 traktor
Foto: Anders Valde/LANDART
Har du lagt merke til ordtaka på jorda rundt Gardermoen den siste tida? Dei er er ein del av eit større kunstprosjekt, der blant andre bønder er kunstnarar.
LANDART er ei kunstform som kan oppstå alle stader og som er spesifikt for den enkelte staden. I Gjerdrum tar kunstforma utgangspunkt i dei som bur på staden og det dei driv med. Denne kunstforma tar også omsyn til ver og naturforhold. Mari Meen Halsøy er kunstnar og er i lag med Liva Mork prosjektleiar for LANDART. Det har blitt arrangert i Noreg sidan 2012. I år er det i Gjerdrum i Akershus det skjer.
Tar opp jordvern, tilhørsle og identitet
- Gjerdrum er ein av kommunane i Noreg med størst tilflytting. Det er tradisjonelt ein landbrukskommune, men no er det eit skifte på gang. Det opnar for mange spørsmål om tilhørsle og identitet som er veldig spennande, seier Mari Meen Halsøy.
LANDART Gjerdrum er eit samarbeid mellom Gjerdrum kommune og Gjerdrum bondelag, og lokale bønder har ein viktig rolle i prosjektet.
- Bøndene som er med i årets prosjekt er opptatt av god matjord, og opplever eit personleg press frå storsamfunnet som vil ta over jorda deira. Kunst kan ta opp tema ein er opptatt av, og diskutere det, og det gjer vi også i årets LandArt, seier ho.
300 meter langt og 54 meter høgt kunstverk
Eit resultat av bøndenes engasjement, er kunstverket Uten mat og drikke. Det er det største LandArt-verket som har blitt lagd i Gjerdrum, og er 300 meter langt og 54 meter høgt. Kunstverket er langd med 7-skjærs plog.
- Det er teknisk utfordrande å pløye så mange detaljar, men det er ein utruleg flink bonde som har lagd det, seier Halsøy.
Bøndene i Gjerdrum har også pløygd fleire andre kunstverk på jorda sine, og dei har nådd fram til eit stort publikum på veg til og frå Gardermoen i lufta.
Fly-favoritt
- Det har vore heilt utruleg positive tilbakemeldingar. Eg trur at flyskuggen har vore ein favoritt. Det er gjennomgåande at dei verka folk forstår heilt umiddelbart, er dei som slår an best . Det verket kommenterer kor vi er, seier Mari Meen Halsøy.
LandArt er også meir enn pløygde kunstverk. Fleire profesjonelle kunstnarar har også bidratt til årets utstilling. I Ask sentrum har det blitt bygd ei trehytte i eit tre.
- Hytta vi har laga handlar om utviklinga av Ask sentrum, og ho ligg på ein gammal busshaldeplass som skal bli park. Hytta kjem til å vere varig, og det er allereie mange ungar som bruker ho som møteplass etter skolen, fortel Halsøy.
Kunsten påverka av veret
Folka bak LandArt har i likskap med andre bønder fått merke at det har vore ein dårleg sommar, og det har også påverka kunstverka.
- Sidan sommaren var dårleg, vart innhaustinga sein. Det påverka også arbeidet med LandArt. Men det er viktig for prosjektet å ha respekt for at det først og fremst er landbruk bøndene som er med på det, driv med, seier ho.
LandArt avsluttar søndag 29. oktober med eit arrangement på Losæter i Oslo, men fleire av verka er varige. Dei pløygde kunstverka vil vere synlege frå lufta til jorda skal brukast til noko anna.