Møtet var planlagt for 26.-29.februar, men vart stadig forlenga, og enda altså natt til laurdag 2.mars. Ministermøtet er Verdas Handelsorganisasjon (WTO) sitt høgste organ. Dei møtest som oftast kvart andre år. Denne gongen var møtet lagt til Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emiratane, Det var forhandlingar på mange område, som fiskeri og e-handel, men som ofte før var mykje fokus på landbruk.

Jobba med tekstar heile veka

Før medlemslanda møttest i Abu Dhabi hadde forhandlingsleiaren Alparslan Acarsoy frå Tyrkia lagt fram eit ganske detaljert forslag der han mellom anna foreslo substansielle kutt i handelsforstyrrande både gul og blå støtte og også ein gjennomgang av grøn støtte, altså støtte som ikkje blir rekna som handelsforstyrrande, for å sikre at den verkeleg ikkje forstyrrar handelen (sjå tidlegare nettsak). På marknadstilgang foreslo han også å kutte kraftig, og at ein kunne sjå på t.d. tolltoppar, noko Noreg har. Det vart ikkje foreslått konkrete tal på kor store kutta skulle vere verken på toll eller internstøtte.

Undervegs i forhandlingane vart andre og mindre detaljerte papir lagt fram. Også i desse papira forplikta medlemmene seg til å intensifisere forhandlingane om innanlands støtte med sikte på å redusere drastisk handelsforstyrrande og sikre ein overgang til mindre handelsforstyrrande støtte og betre disiplinen i tråd med reform-formålet i den allereie eksisterande landbruksavtala.

For marknadstilgang forplikta medlemmene seg i desse forslaga til avtale til å intensifisere forhandlingane for marknadstilgang med sikte på å redusere substansielt og progressivt beskyttelsen på ein rettferdig. Desse forhandlingane skal ta omsyn til eksportlanda sine interesser og importlanda sine sensitive område, inkludert ikkje-handelsmessige forhold.

Ingen av desse tekstane vart altså til slutt godtekne. Ein viktig grunn til det var at India sette som vilkår for å godkjenne avtala at dei fekk ei permanent løysing på matvarelager-saka. India gir prisstøtte til bønder gjennom å kjøpe opp m.a. korn til lager. Dette har dei lov til å gjere inntil ei viss grense, som dei har overgått. Fram til no har dei gjennom ei fredsavtale unngått at andre land går til sak mot India for å gi for mykje støtte. Medlemslanda vart altså ikkje samde om ei permanent løysing på denne saka og dermed fall heile landbrukspakken.

Må ikkje senke skuldrane

1.nestleiar Egil Chr Hoen i Norges Bondelag deltok som del av den norske delegasjonen på ministermøtet i Abu Dhabi. Det innebar at han vart informert undervegs under delegasjonsmøte og fekk lytte inn på nokre sesjonar. I delegasjonen deltok også LO, NHO, fiskerisida, Forum for utvikling og miljø og representantar frå ulike departement. Hoen er letta over at det ikkje vart ei avtale.

- Vi treng internasjonalt regelverk for handel, men det er slik at alle forslaga på bordet går i retning kutt i støtte og toll, noko som også ligg inne i avtala frå 1995 som gjeld også i dag, seier Hoen, som viser til ein artikkel i den gamle avtala som seier at landa skal redusere vidare i støtte og toll.

Men dette tek lang tid. Partane har forhandla sidan 2001, men enno ikkje fått ei avtale, bortsett frå enkeltelement, som då dei i 2015 vart samde om å fjerne eksportsubsidiar, noko som Noreg fekk kjenne på.

- WTO har framleis som mål at vi skal kutte i handelsforstyrrande støtte og toll, noko vi er heilt avhengige av for å ha eit berekraftig landbruk over heile landet. Vi ser allereie i forkant av årets jordbruksforhandlingar at WTO utfordrar norske bønder, seier Hoen, og viser til at vi har nådd taket for såkalla gul handelsforstyrrande støtte og må ta ut enten korn eller mjølk frå målprissystemet som ein konsekvens av dette.

Egil Chr Hoen ser også nokre positive trekk ved tekstane som har vore lagt fram siste tida.

- Det står mellom anna i tekstane at både handel og innanlands produksjon, spelar ei viktig rolle i å betre verdas matsikkerheit. I tillegg står det at ein skal ta omsyn til importlanda sine sensitive område, inkludert ikkje-handelsmessige forhold. Det er viktig. Eg har eit inntrykk av at det er litt meir fokus på matsikkerheit og behov for å ha ein produksjon over heile verda enn det var for nokre år sidan, seier Egil.

Han peikar likevel på at ein ikkje må senke skuldrane sjølv om ministrane ikkje klarte å bli samde denne veka.

- Forhandlingane held fram i Geneve fram mot neste ministermøte om to år. Der kan det skje store endringar, seier Hoen.

Neste ministermøte blir i Kamerun om ca 2 år.

Møtte andre bondelag

Hoen sette stor pris å kunne møte andre bondelag frå Canada, Finland, Sveits og verdsorganisasjonen World Farmers`Organisation under ministermøtet.

- Det er svært viktig at vi held tett konktakt med desse organisasjonane. Vi oppdaterer kvarandre undervegs og deler erfaringar om situasjonen i landbruket i landa våre, også knytt til handel. Til dømes har også Canada og Sveits store utfordringar knytt til kutt i tollvernet.