- Inga tru på snarleg løysing i WTO

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

- Vi ynskjer ikkje ei ny avtale for einkvar pris. Ei ny avtale må gi rom for matproduksjon i alle land.

Det sa 1. nestleiar i Norges Bondeag, Kristin Ianssen då organisasjonar og næringslivet møttest til sitt årlege WTO-forum i Geneve sist veke. Få trur på ei snarleg løysing i WTO.

Optimismen etter ministermøtet på Bali sist desember vart fort snudd til pessimisme i sommar då  WTO-landa ikkje klarte å gjennomføre avtala om handelsforenkling. No er forhandlingane som så vidt hadde starta opp igjen lagt på is på ubestemt tid. India ville ikkje underteikne avtala om handelsfasilitering før ein kom lenger i å finne ei permanent løysing på oppkjøp til matvarelager i utviklingsland.

Frå WTO-møtet i Geneve. Kristin Ianssen til høgre.

- Alle må ha rett til eigen matproduksjon

Bøndene som var samla til møtet arrangert av World Farmers Organisation (WFO) hadde ulike syn på forhandlingssituasjonen. Medan dei argentiske bøndene er utolmodige etter å få ei avtale som kan gi dei betre eksportmoglegheiter, er sveitsiske, kanadiske og norske bønder mellom dei som har meir fokus på at ei ny avtale må gi rom for politiske løysingar tilpassa nasjonale produksjonsforhold.

- Doha-runden gir for lite politisk handlingsrom for medlemslanda. Det er difor ein ikkje klarer å kome fram til ei løysing, sa ein av representantane frå det kanadiske bondelaget.
Sveitsiske bønder peika på at alle land må ha rett til ein eigen matproduksjon, medan 1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen forklarte kva som må til for å drive familielandbruk i Noreg:

Avhengig av importvern

- Eg er heilt avhengig av eit importvern for å kunne produsere mat på garden min, sa Ianssen.
Leiaren for det kanadiske bondelaget, Ron Bonnett meinte alle må bidra om vi skal klare å produsere meir mat i framtida.
- Det er ikkje snakk om å ha ein rett til å produsere, det er snarare ei plikt. Vi må alle produsere det vi kan for å få nok mat i framtida, sa Bonnett, som sit i WFO-styret.

Luis Echeverre frå Argentina, som også sit i WFO-styret, var utolmodig etter å få i hamn ei WTO-avtale, men peika samtidig på at kampen ikkje står mellom bøndene.
- Vi bønder finn alltid ut av det med kvarandre. Det er ikkje der problemet ligg, sa Echeverre.
Som eit levande bevis på dette inviterte den sveitsiske bonden på slutten av møtet sin kollega frå eksportretta New Zealand på gardsbesøk, noko ho takka ja til.

 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere