Gardsvindmøller på Småkraftdagane
Både småkraft og vindkraft blir tema under Småkraftdagane i Bergen i mars.
- Småkraftdagane i Bergen 19. - 21. mars er den store samlingsplassen for alle grunneigarar som arbeider med planar om småkraftproduksjon eller gardsvindmøller, seier prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt vind- og vasskraftprosjekt. Her vert det fokus på rammevilkår, felles utfordringar for all kraftproduksjon, mange fagforedrag om enkelttema og stands med utstillingar. Bondelaget sitt fornybar elproduksjonsprosjekt deltek med stand og fagforedrag den 21. mars, både om mulegheiter innan gardsvindproduksjon og om grunneigarsamarbeid ved småkraftutbygging.
I programmet for Småkraftdagane, som Småkraftforeninga årvisst arrangerer, finn ein oversyn over alle foredrag og påmeldingsinformasjon. Av programmet går det fram at det heile tek til med småkraftseminar i regi av NVE den 19. mars. Dag to er den politiske hovuddagen, med fokus på felles utfordringar for både vindkraft- og småkraftproduksjon og debatt om verdiskaping og utnytting av Norge sine fornybare ressursar. Dei viktige fellestema for ny, fornybar kraftproduksjon er nettkapasitet og nettilknyting, konsesjonshandsaming og den nye elsertifikatordninga som gjer det meir lønsamt å satse på fornybar kraftproduksjon.
Siste arrangementsdagen 21. mars kan interesserte deltakarar få utfordringar med prioriteringane. Det vert då køyrd tre parallellsesjonar med fagforedrag, før dagen vert avslutta med synfaring av småkraftverk og generatorverkstad. Ein av dei tre parallellsesjonane vil ta føre seg gardsvindproduksjon. Her får vi mellom anna høyre om konsesjonsprosessen for småskala vindkraft og rønslene frå den fyrste, nye gardsvindmølla på 50 kW som vart sett opp på Jæren i fjor. - Eg vil i tillegg til mulegheitene innan småskala vindproduksjon også ta føre meg arbeidet som Bondelaget har i gang om standardavtalar for arealutleige til større vindkraftparkar, seier Engvik. - Grunneigarar med høvelege areal for vindparkar kan oppnå ei god tilleggsinntekt ved arealutleige, held han fram. - Men det er viktig med godt grunneigarsamarbeid og gode prosessar fram mot ferdig avtale, avsluttar Engvik.
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
- Bondelaget sine temasider om småkraft som næringsveg
- Bondelaget sine temasider om vindkraft