

Prosjektleder Terje Engvik, tlf: 57 83 70 86 / 975 17 111.
NB-informasjon 1-2010 - Småkraft som næringsveg
I årets første nr av NB-informasjon får bondelagets lokallag og tillitsvalgte informasjon om småkraft som næringsveg.
[25.02.2010] - Hugs at det er eit stort potensiale for produksjon av meir miljøvennleg, fornybar energi frå småkraftnæringa i fylket, peika prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt på i eit innlegg under paneldebatten på fornybar-konferansen i Ålesund tidlegare i månaden. Innlegget kom som ein reaksjon på eit innspel om korfor ein skulle satse på el-bilar så lenge Midt-Norge var underskottsområde for straum. Konferansen "berekraftig energiframtid" i regi av Energiregion Møre og Nordea hadde el-bilar og andre tema om energi til transport i fokus på konferansen i år.
[22.02.2010] Den årlege småkraftmønstringa går av stabelen i Haugesund 16.-18. mars. Bondelaget sitt småkraftprosjekt vil vere til stades under heile arrangmentet. Nytt av året er startdagen den 16. mars med småkraftseminar i regi av NVE. Dette seminaret er gratis. Her tek NVE føre seg hydrologi, dimensjonering av småkraftverk, nettilknyting, grøne sertifikat og andre aktuelle tema. Fullstendig program for Småkraftdagane og påmeldingslink finn ein på Småkraftforeninga si nettside. Påmeldingsfristen er 1. mars.
[28.12.2009] - Det er lite tilfredsstillande at ein del søknader om småkraftkonsesjon no vert lagt fullstendig på vent, seier prosjektleiar Terje Engvik i Småkraftprosjektet som ein kommentar til nyhenda frå NVE om at 24 søknader i Vestlands-fylka vert lagde til side som følgje av mangel på nettkapasitet. - Det er heller ikkje i samsvar med oppmodinga frå Statnett og dei områdeansvarlege energiselskapa då dei sist sommar varsla at nye småkraftverk med konsesjon etter 1. april 2009 ikkje kunne få nett-tilknyting før sentralnettet mellom Fardal og Ørskog var rusta opp, seier Engvik.
[09.12.2009] - Det er framleis stor trong for informasjon til fallrettseigarane om mulegheitene for å byggje ut småskala kraftverk med størst muleg lokal verdiskaping. -Tilhøva ligg til rette for eit godt samarbeid mellom Småkraftprosjektet i Bondelaget og Småkraftforeninga om informasjonsarbeid, slår prosjektleiar Terje Engvik i prosjekt småskala kraftverk fast etter å ha deltatt på årsmøta i lokalforeiningane av Småkraftforeninga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal nyleg. Også i Hordaland er det utsikter til at Småkraftforeninga vil etablere ei lokalforeining.
[26.11.2009] - Det er positivt at vi no har fått ei rask avklaring på overgangsordningane for grøne sertifikat, seir leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke, etter at olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i dag presenterte innhaldet i ordningane. - Sjølv om vi berre delvis har fått gjennomslag for tilbakeverkande kraft tilbake til 2004, er det grunn til å vere nøgd med at avklaringa har kome, og at fallrettseigarar og aktørar i småkraftnæringa no kan halde fram med planlegging og bygging fram til sertifikatordninga vert operativ i 2012, seier Bjørke
[13.11.2009] - Eg har personleg sans for å få utvida grensa for kva som kan tillatast utbygd i verna vassdrag frå 1 til 3 megawatt, sa leiar i energi- og miljøkomiteen Erling Sande på eit møte som Gaular kommune hadde kalla inn til denne veka. - Kommunen har store småkraftressursar som vi ynskjer skal gi verdiskaping på bygdene, sa ordførar Jenny Følling innleiingsvis til frammøtte fallrettseigarar og andre interesserte. - Men det aller meste av potensialet ligg i området som er omfatta av vassdragsvernet, og dette gir utfordringar, understrekte ho.
[11.11.2009] Nordland Bondelag, Småkraftprosjektet i Norges Bondelag og Småkraftforeninga arrangerte nyleg småkraftseminar i Mosjøen og Narvik. Tilsvarande seminar-oppleg kan ein tilby over heile landet. På småkraftseminara i Nordland fekk om lag 40 deltakarar informasjon om korleis ein skal gå fram og kva ein bør passe på når ein har planar om å byggje kraftverk i grunneigar-regi.
[09.10.2009] - Regjeringens beslutning om at overgangsordninger skal sikre fortsatt utbygging av kraft etter 7.9.09 er svært viktig, sier Nils T. Bjørke. - Med løftet i regjeringserklæringen unngår vi faren for at aktørene venter med fullføring av prosjektene til sertifikatordninga er på plass.
[06.10.2009] Fylkeskommunen heldt nyleg eit arbeidsmøte i innspurten av arbeidet med fylkesdelplan for vasskraft i Sogn og Fjordane. - Det er viktig at planen får ein god balanse mellom nærings- og klimaomsyn på den eine sida og miljøomsyn på den andre sida, heldt prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt småkraftprosjekt fram på møtet. - Problemet er berre at retningslinene for planarbeidet frå departementet tek for gitt at rein småkraft representerer noko positivt. Med sterk fokus i retningslinene berre på alle moglege miljøulemper kan det for bli ein ubalanse i plandokumentet, heldt han fram.
[29.09.2009] Det blåste godt både på toppane og elles då då den administrative og valde leiinga i Norges Bondelag møtte leiinga i fylkesbondelaga i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland i går. Vestlands-reisa starta i Sogndal. Sjøtransport var den dominerande reisemåten på turen, som etter vitjing hjå Sognefrukt BA i Leikanger gjekk til Vangsnes, Arnafjorden og Undredal. Men medan det var skikkeleg haustver på Vestlandet med vind og nedbør, gjekk møta med lokale bønder og lokale kommune- og næringslivsrepresentantar mindre stormfullt føre seg.