For dårleg av Coop

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

- No må bønder og forbrukarar nytte seg av medlemsdemokratiet i Coop, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, etter at Coop Norge har sagt opp leveringsavtale med 250 grønnsaksbønder.

- Dette er rett og slett for dårleg. Coop er eit samvirke som er eigd av medlemmene, og no må medlemmene nytte seg av moglegheiten til å seie i frå, seier Skorge.

- Coop bidrar til sentralisering

Generalsekretær Per Skorge250 bønder som har levert grønnsaker til ICA, fekk i slutten av mai beskjed frå Coop om at kjeda vil kutte kraftig i innkjøpet av grønnsaker. Tidlegare i år kjøpte Coop opp ICA. Dette går hardt utover grønnsaksprodusentar som allereie har planta og sådd, men som likevel ikkje får levert varane til Coop denne sesongen. Produsentane fryktar at dette vil føre til eit prisras.

I Nationen i går kom det også fram at Coop vurderer å droppe dei små bøndene til fordel for større leverandørar i åra som kjem.

- Coop står særleg sterkt i distrikts-Noreg og har store delar av kundegrunnlaget sitt der. Det gjer det ekstra spesielt at Coop no vil bidra til ei sentralisering i norsk landbruk, gjennom å prioritere bort dei små leverandørane, seier Per Skorge.

- Medlemmene må seie ifrå

Før jul i fjor importerte Coop svineribbe frå Tyskland til butikkane sine, noko som vekte sterke reaksjonar hos både bønder og forbrukarar. Skorge meiner dagligvarekjeda igjen bommar på forbrukarane sine ønske  når dei nok kuttar avtalene med norske leverandørar av grønnsaker.

- Forbrukarane ønskjer norsk mat, og omsetjinga av lokalprodusert mat aukar for kvart år. Når Coop ikkje høyrer på forbrukarane sine ønske, må medlemmene seie ifrå, avsluttar generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere