For dårleg av Coop
- No må bønder og forbrukarar nytte seg av medlemsdemokratiet i Coop, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, etter at Coop Norge har sagt opp leveringsavtale med 250 grønnsaksbønder.
- Dette er rett og slett for dårleg. Coop er eit samvirke som er eigd av medlemmene, og no må medlemmene nytte seg av moglegheiten til å seie i frå, seier Skorge.
- Coop bidrar til sentralisering
250 bønder som har levert grønnsaker til ICA, fekk i slutten av mai beskjed frå Coop om at kjeda vil kutte kraftig i innkjøpet av grønnsaker. Tidlegare i år kjøpte Coop opp ICA. Dette går hardt utover grønnsaksprodusentar som allereie har planta og sådd, men som likevel ikkje får levert varane til Coop denne sesongen. Produsentane fryktar at dette vil føre til eit prisras.
I Nationen i går kom det også fram at Coop vurderer å droppe dei små bøndene til fordel for større leverandørar i åra som kjem.
- Coop står særleg sterkt i distrikts-Noreg og har store delar av kundegrunnlaget sitt der. Det gjer det ekstra spesielt at Coop no vil bidra til ei sentralisering i norsk landbruk, gjennom å prioritere bort dei små leverandørane, seier Per Skorge.
- Medlemmene må seie ifrå
Før jul i fjor importerte Coop svineribbe frå Tyskland til butikkane sine, noko som vekte sterke reaksjonar hos både bønder og forbrukarar. Skorge meiner dagligvarekjeda igjen bommar på forbrukarane sine ønske når dei nok kuttar avtalene med norske leverandørar av grønnsaker.
- Forbrukarane ønskjer norsk mat, og omsetjinga av lokalprodusert mat aukar for kvart år. Når Coop ikkje høyrer på forbrukarane sine ønske, må medlemmene seie ifrå, avsluttar generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.